Treningshelg før NM Oselvar

Båtlaget Njord/ Tysnes og Challenger Sails Norge inviterer til: Treningshelg før NM Oselvar 3. og 4. august 2019

Kjære Siglarven

Båtlaget Njord/ Tysnes arrangerer NM for oselvar spri 10. og 11. august.

For at alle skal kunne førebu seg på best mogeleg vis og kunne prikke inn toppformen arrangerer vi i år ei treningshelg rett i forkant av NM. Det er Lars Grøteide frå Challenger Sails Norge som vil stå for arrangementet og det heile vil føregå med base i Njordstø, Våge Tysnes.


Set av 3. og 4 august, kom til Tysnes og tren i lag med oss!

Laurdag og sundag 11:30 – 15:30

Det er inga påmelding, men me vert glade om du gjer oss eit vink om at du deltek, slik at me veit kor mange som blir med. Kontakt: Lars Grøteide: mobil 415 30 992 lgroteide@gmail.com

Helsing

Båtlaget Njord/Tysnes og Lars Grøteide i Challenger Sails Norge.

PS: Ynskjer du å delta, men manglar båt, må du berre ta kontakt. Det kan vera ei råd.

Så langt som råd vil det vera mogeleg å lagre båten din på Tysnes mellom helgene.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift