Årsmelding, og årsmøte med påfølgjande medlemsfest

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Båtlaget Njord/Tysnes Tid : Fredag 15. februar 2019 kl. 18.00

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Båtlaget Njord/Tysnes

Tid : Fredag 15. februar 2019 kl. 18.00
Stad : Njordstø
Sakliste:
1. Opning og godkjenning av innkalling og sakliste
2. Årsmelding for 2018
3. Rekneskap for 2018
4. Årsplan/aktivitetsoversikt 2019
5. Kontingent
6. Innkomne saker
7. Budsjett 2019
8. Val

Årsmeldinga ligg lagt ved til denne saka (oppe til høgre).

Saker som ein ynskjer handsama som eige punkt på saklista, må vera styret i hende seinast 2-to veker
før årsmøtet.
Etter årsmøtet vert det ei orientering om oppgradering av Njordstø og uteområde.
Vel møtt!
Helsing styret

Etter årsmøtet, ca. kl. 19.00, vert det invitert til medlemsfest med m.a. følgjande program:
 Matøkt: Gryterett (båtlaget held brus – anna drikke tek du med sjølv)
 Musikk
 Kahoot/Quiz
 Gåvedryss
Ta med deg ektefelle/sambuar. Bindande påmelding og betaling av eigenandel på kr. 150 kan skje her
innan måndag 11. februar 2019 eller til steffenopdal@gmail.com / mobil 47603335.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift