Båtlaget Njord/Tysnes

Om klubben

Om klubben

Båtlaget Njord Tysnes - eit fleir-idrettslag med eit variert maritimt tilbod. Aktiviteten vår er fundamentert i seglsporten som er ein viktig del av Tysnes si historie.

Båtlaget Njord Tysnes vart stifta i 1935 av jåttsiglarar frå Tysnes og har i dag ca 90 medlemmer. Båtlaget Njord/Tysnes har til føremål å spreie opplysning om sigling og ved samarbeid og kameratskap å fremja seglsport,sportsdykking og anna maritimt friluftsliv i sunne former. Me held til i «Njordstø» i Våge. Njordstø er eit stort naust over to etasjar med forsamlingslokale, kjøken, toaletter og garderobar i andre etasje. Utanfor har me eit flott bryggjeanlegg og to flytebryggjer. Naustet vårt har ein sentral beliggenhet ret i innseilinga til Våge. Njordstø kan leigast til private arangement.

Organisasjonskartet til Båtlaget Njord/Tysnes


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift